Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
«Det kan skje på di vakt»
Då bomba gjekk av i Regjeringskvartalet 22. juli 2011, blei hovudstaden og landet sett på hovudet. Oppdraget til gardistane var å beskytte Slottet, eit mogeleg terrormål berre 1000 meter unna der bomba gjekk av.
Fredrik Johan Helland var i kompaniet som hadde vakt då det small. Han fortel om soldatar i førstegongsteneste som låg med skarp ammunisjon midt i Oslo sentrum, person med våpen som blei stoppa i Slottsparken og planane om å grave opp Slottsplassen. Korleis skulle soldatar i førstegangsteneste løyse dette oppdraget?
Nokre månadar før var dei same gardistane på forsida til landets aviser. Ei hending sette tilliten til kompaniet på prøve. Var gardistane klare dersom dei no vart satt på ei ny prøve?
Høyr historia om kva som skjedde i garden og på slottsplassen timane før, under og etter terroren i Oslo.
Tid og stad: Kraftstasjonen, Måløy, 23. januar kl. 1830.
Foredraget varer i ca 75 minutt.
Det blir mogleg å handle eit utval av drikke og snacks før og under foredraget.
Vil du spise? Alle med billett får 15% rabatt på Havfruen før og etter foredraget.