page view image

FØRDE: «Det kan skje på di vakt»

Det erfarte gardistane i førstegangsteneste då bomba gjekk av i Oslo ein sommardag i 2011. Dette er historia om korleis gardistane løyste oppdraget dei hadde – å vokte slottet.

Informasjon
event image

«Det kan skje på di vakt»

Då bomba gjekk av i Regjeringskvartalet 22. juli 2011, blei hovudstaden og landet sett på hovudet. Oppdraget til gardistane var å beskytte Slottet, eit mogeleg terrormål berre 1000 meter unna der bomba gjekk av. Fredrik Johan Helland var i kompaniet som hadde vakt då det small. Han fortel om soldatar i førstegongsteneste som låg med skarp ammunisjon midt i Oslo sentrum, politifolk som blei lagt i bakken og planane om å grave opp Slottsplassen. Korleis skulle soldatar i førstegangsteneste løyse dette oppdraget?


Nokre månadar før var dei same gardistane på forsida til landets aviser. Ei hending sette tilliten til kompaniet på prøve. Var gardistane klare dersom dei no vart satt på ei ny prøve?

Høyr historia om kva som skjedde i garden og på slottsplassen timane før, under og etter terroren i Oslo.


Tid og stad: Elvesus torsdag 7. november klokka 1900

Medarrangør: Folkeakademiet i Førde.

22. juli terror garden oslo hmkg fredrik helland foredrag 2011

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt billett blir ikkje refundert.